Deltakarane besøkte Svalbard museum og lærte blant anna korleis dei driv med undervisning og formidling til barnehagar, skuleklassar og SFO. Barnehagane og skulane er mykje ute og dei har fokus på berekraftig utvikling og det å ta vare på naturen. Dei hadde også ei fagleg økt på "riggen" der dei gjekk gjennom oppgåvene dei jobba med på museet. Alle deltakarane vil i etterkant skrive eit refleksjonsnotat om det dei har opplevd på turen. Det vil også bli laga ein rapport i løpet av mars.
Nettverket har snakka mykje om berekraftig utvikling og det å ha ansvar for å ta vare på naturen. Mykje av førebuingane har gått på kva deltakarane har ønska å lære og oppleve. Å utfordre seg sjølv, kjenne meistring og glede ved å vera ute i naturen. Noko alle turdeltakarane har fått oppleve ekstra sterkt på Svalbard. Å kjenne på desse gode kjenslene har gitt deltakarane vidare inspirasjon til å bli enno betre til å legge til rette for nettopp dette i eigne barnehagar, fortel Gunn Linde, Balestrand kommune.
Referatet frå turen kan de lesa her
Studieturen er i regi av Sogn regionråd, der ulike fagnettverk i kommunane driv kompetanseheving ved å dele kunnskap og ha kurs for kvarandre innan sitt fagområde. Dette året var det fagområdet "Natur, miljø og teknologi" som fekk reisa på studietur, og med barnehagelærarar frå Balestrand kommune som ansvarlege. Studieturane vert i hovudsak dekka gjennom midlar frå Utdanningsdirektoratet som Fylkesmannen betalar til dei 4 regionane i fylket. Når kommunane i Sogn samarbeider om regionale fagnettverk kan ein få dette til i fellesskap.