Auka bruk av spesialundervisning er ei gordisk knute. Kompetanse er nøkkelkriteriet, sa Marit Mjøs som er assisterande direktør ved Statped Vest. Mjøs har mellom anna doktorgrad på relasjonen mellom spesialpedagogikk og ordinær undervisning. Hennar utgangspunkt er at fokus må vere å styrke den totale opplæringskvaliteten. Dette krev meir spesialpedagogisk kompetanse og ei samordna innsats lokalt og regionalt.
Dei juridiske rettane til barna er på plass. Ressursane vil truleg ikkje auke til spesialundervisning i skule og barnehage. Då blir kompetanse endå meir kritisk enn tidlegare. Mjøs peikte på at spesialundervisning ikkje er ein samanliknbar storleik, og at trongen for spesialundervisning kan vere relativ. Spesialpedagogane og allmennpedagogane må lære meir av kvarandre, hevda Mjøs.
Rådmenn, ordførarar, skulefagleg ansvarlege, styrarar, rektorar, lærarar og førskulelærarar tok aktiv del i gruppearbeidet etter lunsj. Kvifor er det slik, kva gjer vi med det og korleis gjer vi det? Svara på desse spørsmåla tek arbeidsgruppa for ”System for styra læring” med seg i det vidare arbeidet.
Dei neste skritta i denne utviklingsprosessen er at styrarar og rektorar blir inviterte til kvar si samling på nyåret. Meir info om dette seinare.
Arrangørar for samlinga var skuleregion Sogn, Statped Vest og Sogn regionråd.
Marit Mjøs med 115 deltakarar frå kommunane samla i grupper for å drøfta vegen vidare.