Analysen som vart laga i fjor viser at bustadmarknaden er ein av fleire faktorar som spelar inn når det dreier seg om kor attraktive kommunane i Sogn er for innbyggjarane og potensielle tilflyttarar. Engesæter frå Ideas2evidence som har utarbeidd rapporten viste til mistilhøvet mellom etterspurnad og tilbod på den lokale bustadmarknaden og at prøvebustader og leiligheiter i stor grad er fråverande. Fylkeskommunen er opptekne av bustadutvikling som ledd i samfunns- og næringsutvikling og understreka behovet for gjennomgangsbustader.
Trude Risnes frå Distriktssenteret innleia om bustadpreferansar hos spesifikke målgrupper, og døme på tre kommunar som har jobba bevisst for å treffe desse målgruppene: Ullensvang lukkast å få fleire utleigebustader med tilskot til oppussing, Stjørdal satsa på rimelegare bustader for unge i etableringsfasen og Iveland utvikla sentrum med fokus på berekraft.
To av kommunane delte sine erfaringar: Valborg Heløy frå Luster kommune fortalte om prosjektet Folk i fleire hus. Næringssjef Johannes Sjøtun fortalte om resultata frå satsinga som gir 8-12 leiligheiter sentralt i Balestrand. Nordbohus er utbyggar og Heidi Helle fortalte om samarbeidet som dei ser som vellukka. Boligbyggelag som modell for å få meir variert bustadtilbod i distrikta var tema for Greta Steinheim si innleiing. Buforma er god løysing for dei som ønskjer å bu sentralt og rimeleg.
Det kom mange gode innspel på kva kommunane kan gjere kvar for seg og kva kommunane kan gjera ilag. Sogn regionråd kjem til å oppsummera temadagen og diskutera vidare arbeid.
Presentasjonar
Ideas2evidence, Pelle Engesæter
Sogn og Fjordane fylkeskommune, Endre Høgalmen
Distriktssenteret, Trude Risnes
Husbanken, Olav Ohnstad
Luster kommune Folk i fleire hus, Valborg Heløy
Balestrand kommune Holmamyrane, Johannes Sjøtun
Nordbohus, Heidi Helle
Årdal Boligbyggelag, Greta Steinehim
Les meir om analysen av bustadmarknaden