Fungerande ambassadør for Ukraina, chargé d’affaires dr. Lilia Honcharevych, deltok på rådsmøte via Teams som oppfølging etter sitt to dagar besøk i Sogn i slutten av januar. Ho takka for all støtte og hjelp Ukraina får frå Norge og for aksjonen, Fotball for Ukraina, som er etablert med utgangspunkt i veterancupen. Honcharevych oppmoda sognekommunane om å anerkjenne Holodomor som eit folkemord.
I uttalen, vedteken i møtet 10. februar, understrekar Sogn regionråd sin støtte til Ukrainas kamp mot ein overgripar, og at det i den samanhengen er viktig at historiske fakta om forholdet mellom dei to landa blir korrekte og fullstendige. Mykje tyder på at Holodomor må reknast som eit folkemord mot Ukraina og fordømmer dei handlingane som ligg bak hungersnauda 1932–1933. Minst 4 millionar (kanskje så mykje som 7 millionar) svolt i hel, og politikken vart følgt opp av ei undertrykking av ukrainsk kultur og identitet. Sovjetunionen la i si tid lok på kva som hende og hevda at det var hard tørke som førte til hungerskatastrofen. Sidan ein i Russland no tydeleg arbeider med å gjera Josef Stalin til helt att, er det viktig at desse hendingane blir opplyst korrekt. I desember 2022 vedtok EU-parlamentet at hungersnauda Holodomor i Ukraina var menneskeskapt og villa av Sovjet-regimet under Josef Stalin. Heile uttalen frå Sogn regionråd kan du lesa her