Inger Marie Evjestad har erfaring med å leia utviklings- og rettleiingsarbeid, og har leiarefaring som rektor og oppvekstleiar. Ho har sidan hausten 2012 vore tilsett som prosjektleiar for GNIST for Fylkesmannen, ei stilling ho kjem til å halda fram i deltid fram til sommaren.
Utviklingsrettleiaren kjem til å vera tett på dei 12 ungdomsskulane i regionen. Ho skal tilby støtte og rettleiing til skuleeigarane og skuleleiarane i samsvar med den nasjonale satsinga "ungdomstrinn i utvikling". Stillinga i Sogn er ein av fire stillingar i fylket og ein av 50 i heile landet.
Stillinga blir samordna med Sogn regionråd sitt skuleutviklingsprogram.