Sogn regionråd ønskjer å byggja alliansar mot naboregionane. Regionrådsleiar Torodd Urnes og leiar i samferdslegruppa i regionrådet Jarle Aarvoll presenterte vegsambandet Bergen-Trondheim via Sogn i møtet 27. september.
Frå regionrådet for Nord-Gudbrandsdalen møtte ordførar i Lom Simen Bjørgen saman med Sander Sælthun frå administrasjonen i Lom og regionsjef Ole Aasaaren. Dei vil drøfta vegsambandet i aktuelle organ og vil koma med tilbakemelding til Sogn regionråd etter det.