Ungt Entreprenørskap Vestland, vertskommunen Luster og Sogn regionråd arrangerte messa for skulane i dei sju kommunane i Sogn. Over 500 ungdommar og om lag 100 vaksne var samla for å ha fokus på entreprenørskap, initiativ, skaparlyst og kreativitet. Det var utruleg kjekt å kunne samlast att fysisk, etter avlysing og digital messe under pandemien dei siste to åra. 30 inspirerande og nytenkande elevbedrifter frå 9.klasse stilte ut med stand, og gjorde jobben til juryen svært vanskeleg. Juryen var samansett av private og offentlege næringslivsaktørar. I forkant av messa hadde dei fått tilsendt eigenproduserte videoar frå elevbedriftene som gjekk vidare frå lokale konkurransar i kommunane. Dei 30 elevbedriftene vart så invitert til digitale juryintervju rett før påske. Men det var ikkje før juryen fekk sett elevbedriftene i aksjon i Luster, at dei landa på følgjande premiering i sju kategoriar:
Beste elevbedrift: Skinnlappen EB – Aurland barne- og ungdomsskule, Aurland kommune
Gjennomført elevbedrift. Lukkast med marknadsføring. Høgt sal. Fokus på bærekraft og gjenbruk. Potensiale til å driva vidare. Traff både bedrifts- og forbrukarmarknaden.
Beste nærmiljø-/lokalsamfunnsprosjekt: EB Mini-Knaken – Kaupanger skule, Sogndal kommune
Fått liv i gammalt cafebygg. Skaffa sin eigen sommarjobb. Gode besøkstal og godt i motteke i lokalsamfunnet.
Beste ide: Room of portrait EB: Luster ungdomsskule, Luster kommune
Nytenkande. Inspirert av NFT. Kul kunst. Godt gjennomført.
Beste klima- og miljøtiltak/ Bærekraftprisen: YAKT EB: Høyanger skule, Høyanger kommune
Kunnskapsrike. Ynskte å gjera ein forskjell. Opptatt av dyremangfald. Tok tak i eit konkret problem og gjorde noko med det.
Beste stand: WOLT Disco EB: Flatbygdi skule, Vik kommune
Skapte liv og røre på stand. God profilering. Gode seljarar.
Beste video: LØS gensar EB: Lærdalsøyri skule, Lærdal kommune
Estetisk utforming og profesjonell redigering. Ein video som ein hugsar etter å ha sett den.
Beste salsbedrift: EB Tangen Gathering – Tangen skule, Årdal kommune
God inntening. Ulike prisstrategiar. Tankar om korleis dei skal selje enda meir ved neste arrangement.
Me gratulerer både vinnarane og dei andre elevbedriftene med god innsats!
Alle 8.klassingar frå regionen var invitert til messa for å lære om entreprenørskap og la seg inspirere fram til dei skal i elden med elevbedrifter neste skuleår. I tillegg til det faglege var det høg grad av trivsel i idrettshallen i Gaupne. Gode tilbod i elevkiosken og mange aktivitetar førte til god stemning både i og utanfor idrettshallen. Lokalt næringsliv i Luster var representert med eigne utstillingar for nysgjerrige ungdommar. Digital Etikett sørga for eit inspirerande føredrag for elevane, og Sogn Opplæringskontor freista med utprøving av VR-briller og Lego League. Me hadde også verdspremiere på ein ungdomsfilm om næringslivet i Luster Entreprenørskapsmesse i Sogn 2022 - ein smak av næringslivet i Luster - YouTube. Her vart Avery Dennison NTP, bonde John G. Sperle, Gaupnetunet og Statkraft Energi region Midt-Norge intervjua av dyktige reporterar frå ungdomsskulane i Luster.
Til slutt…
Takk til sponsorane Luster Sparebank, Statkraft og Luster Energi. Takk til fotograf Carl Stefan Åberg for film og redigering, og takk til dyktige filmreporterar Anna Maria Bremer, Storm Frattasio Skår, Eirill Skjerdal og Mats Norman. Takk til ordførar Ivar Kvalen og nestleiar i Ungt Entreprenørskap Holger Aasen for velkomsttale og lykkeønskingar og takk til Andrea Årøy for nydeleg song under opninga og til dansegruppa Passion for at de sette stemninga. Takk til dei engasjerte konferansierane Emil Haugen Kalhagen, Mathea Fossheim, Eirill Skjerdal og Mats Norman som losa oss gjennom dagen, og takk til den hardtarbeidande juryen: Heidi Fossnes Helle, Anne Kauppi, Gunnar Arve Ruud, Trine Grøttebø og Line Bjelde. Takk også til alle dykk andre som har bidrege til at messa vart så bra- arbeidsgruppa med arrangørane, næringslivet i Luster, Sogn Opplæringskontor, Røde Kors som sørga for god HMS under arrangementet og sist med ikkje minst takk til hardtarbeidande elevar og tilsette ved Lustraskulen. Særleg takk til 9.klasse ved Luster ungdomsskule for effektiv rigging og matlaging til over 600 personar. Det hadde ikkje gått utan dykk alle!!
No er det berre å gle seg til neste entreprenørskapsmesse i Sogn som vert arrangert i Vik 25.april 2023!