Ungt Entreprenørskap Vestland, vertskommunen Vik og Sogn regionråd arrangerte messa for skulane i dei seks kommunane i Sogn. Over 500 ungdommar og om lag 100 vaksne var samla for å ha fokus på entreprenørskap, initiativ, skaparlyst og kreativitet. 

30 inspirerande og nytenkande elevbedrifter frå 9.klasse stilte ut med stand, og gjorde jobben til juryen svært vanskeleg. Juryen var samansett av private og offentlege næringslivsaktørar. I forkant av messa hadde dei fått tilsendt eigenproduserte videoar frå elevbedriftene som gjekk vidare frå lokale konkurransar i kommunane. Dei 30 elevbedriftene vart så invitert til digitale juryintervju rett etter påske. Men det var ikkje før juryen fekk sett elevbedriftene i aksjon i Vik, at dei landa på følgjande premiering i sju kategoriar:
 
Beste elevbedrift: Kaupanger bandskule EB– Kaupanger skule
Berekraftsprisen: EB Thrifting Lærdal – Lærdalsøyri skule
Beste nærmiljø/lokalsamfunnsprosjekt: Magisk film EB– Flatbygdi skule
Beste produkt (varer/ tenester): Vofferiet EB– Hafslo barne- og ungdomsskule
Beste stand: OnFire EB – Lærdalsøyri skule
Beste salsbedrift: Kaupanger kalender 2023 EB – Kaupanger skule
Beste video: Syltegøy EB – Aurland barne- og ungdomsskule
 
I tillegg stemte 8.klassingane fram sin favoritt og publikumsprisen gjekk til: Crocksocker EB – Luster ungdomskule.
 
Me gratulerer både vinnarane og dei andre elevbedriftene med god innsats!
 
Alle 8.klassingar frå regionen var invitert til messa for å lære om entreprenørskap og la seg inspirere fram til dei skal i elden med elevbedrifter neste skuleår. I tillegg til det faglege var det høg grad av trivsel i Blixhalli. Gode tilbod i elevkiosken og aktivitetar førte til god stemning både i og utanfor idrettshallen. Lokalt næringsliv i Vik var representert med eigne kreative utstillingar for nysgjerrige ungdommar i tillegg til at 12 bedrifter frå Vik tok i mot 8.klassingar på spennande bedriftsbesøk. Dag Einar Bøtun, bonde og gründer frå Fresvik, sørga for inspirerande føredrag for elevane, og Sogn Opplæringskontor freista med utprøving av First Lego League. I tillegg hadde Ungt Entreprenørskap Vestland ein eigen kreativ stand i hallen. Sogn Avis og NRK Sogn og Fjordane laga flott omtale av messa i både avis og lokalradio.
 
Til slutt…
Takk til sponsorane Sogn Sparebank, Sognekraft og Statkraft. Takk til ordførar Roy Egil Stadheim og Ungt Entreprenørskap Vestland ved nestleiar Holger Aasen for velkomsttale og lykkeønskingar og takk til Feios skule for kreativ underhaldning som sette stemninga under opninga. Takk til dei engasjerte konferansierane Sander Christensen, Sofie Tenold, Anders Hønsi og Anna Drægni som losa oss gjennom dagen, og takk til den hardtarbeidande juryen: Anne Kauppi, Knut Bordal, Axel Fagerbakke, Gro Fjærestad og Ida Brastad Ramsfjell. 
 
Takk også til alle dykk andre som har bidrege til at messa vart så bra-  arbeidsgruppa med arrangørane, næringslivet i Vik, Sogn Opplæringskontor, Røde Kors/ Vik ambulanse som sørga for god HMS under arrangementet og sist med ikkje minst takk til hardtarbeidande elevar og tilsette ved Feios skule og Flatbygdi skule. Dei sytte for effektiv rigging og matlaging til over 600 personar. Det hadde ikkje gått utan dykk alle!!
 
No er det berre å gle seg til neste entreprenørskapsmesse i Sogn som vert arrangert i Lærdal 16.april 2024!