Tilpassinga av flyruta Sogndal-Bergen kom etter møtet mellom samferdslegruppa i Sogn regionråd og Widerøe tysdag 8. april. Samferdslegruppa peika i møtet mellom anna på behovet for auka kapasitet om morgonen til Oslo. Widerøes tilpassing gir eit betra tilbod på dei pressa dagane.