Samferdslegruppe er samansett av tre ordførarar: Andreas Wollnick Wiese (Luster), Audun Mo (Lærdal) og Roy Egil Stadheim (Vik).
Andreas Wollnick Wiese er leiar av samferdslegruppa.
Arbeidsgruppa har ikkje vedtaksmynde, men kan gje tilråding til arbeidsutvalet innan sine saksområde. Mandatet til arbeidsgruppa er å:
- ta initiativ til tiltak og prosjekt som stør opp om og utviklar tenesta i regionen
- førebu saker og gje tilråding til regionrådet
- påverka avgjerdstakarar i retning av avgjerder for å betra tilbodet i regionen
- gje fråsegn
Alle saker skal vera forankra og vedtekne i arbeidsutvalet før iverksetjing. Sjå retningslinjene.