Strategidokumentet får fram mogeleg løysingar, gode grep og virkemiddel der kommunane kan bruka handlingsrommet, og peikar på på fem område for bustadutvikling i Sogn:
- Aktivisera kommunane si bustadpolitiske rolle
- Auka variasjonen i bustadtilfanget
- Auke kompetansen om bustadmarknaden og verkemiddel i bustadforsyninga
- Meir målretta arealplanlegging koordinert med bygging av kommunal infrastruktur
- Meir samordna informasjon om Sogn som felles bustadarena.
Det er tiltak for kvar av dei fem strategiane. Strategiane legg opp til at kommunane tek ein tydlegare posisjon i bustadmarknaden enn før.
Strategien vart handsama i Sogn regionråd 16.9.2016. Rådet meiner strategien er eit godt grunnlag for vidare arbeid, og oppmodar kommunane om å godkjenne strategien og delta i vidare arbeid.